Satt å mimret ved å se på noen av de enormt mange bildene mine på dataen. Midt på et av klassebildene som ble tatt på bad taste partyet, møtte dette synet meg, og eg fikk assosiasjoner til forige bloginnlegg og Ane sin komentar :) Så koselig atte :P
Dette bilde e tyvlånt fra Ole sitt space :O Legg merke til Birger! Han ser opp til Aleksander og prøver alt han kan å lage like fin trutmunn som han ;)
Birger, du er ein hardbarka mann som lærer oss samfunnsfag som få kan Heile klassen nikkar og forstår At ja DU BIRGER er den beste samfunnsfaglæraren vi nokon gang får Kvar einaste onsdag og måndag ser me fram til dei timane ville me ikkje ha skulka om me so måtte ha sykla ei mil No er dei dagane forbi og over, men me skal aldri gløyme deg- me lover!
Stilen din er jo kjempebra no alle lys dongeribukse vil ha Ditt smil varmar som ein ovn hadde det ikkje vore for Henrik ville DU ha vore klassen klovn Du kan ikkje sjå for deg den gleda vi kjenner når emne om politikk, arbeid og kultur ut ifrå munnhola di renner Ingen klasse står så fint og helsar som vi gjer for du har lært oss at me ikkje sit ned før nokon oss ber
Diskusjonen om vindaugskarmen hugsar me alle, då trur eg Bjarte vurderte å rope etter Kalle Men han fann ut at for Birger var vindaugskarmen heilag og Bjarte gav opp diskusjonen for ikkje å bære noko nag På kvamsseter viste du nye sider me visste ikkje heilt kva me skulle tru til tider Kalle for åt og såg ut som ein vitskapsmann og du din nye stil me heilt sikkert kan seie du fann
At du er lidenskapeleg brann- fan har me forstått det trur eg alle synest er heilt rått Og i løpet av denne tida har du fått ein son atter ein gong me hyllar han til tonar av mykje nydeleg song Anført av Ristesund ropar me ”hipp hurra” i kor Olav blir nok den største brann- fan på vår jord Med tanke på den oppvoksande generasjon er vi sikker at både han og vi vil finne så utrulig mykje nyttig i dine velfomulerte replikker
Vi ser tilbake på tida med deg, vi har delt ein vandring langs ein magisk veg Du får alt til å verke så hinsides kjekt vi sluker det du formidlar som russisk konfekt Som lærar er du uerstatteleg korleis ska sumaren gå? Me saknar dei allereie ufatteleg Men ein ting er vi alle samde om at du klarte, nemlig å leggje att noko av Birger i kvart einaste hjarte...