Friday, June 22, 2007

Ode til Birger


Birger, du er ein hardbarka mann
som lærer oss samfunnsfag som få kan
Heile klassen nikkar og forstår
At ja DU BIRGER er den beste samfunnsfaglæraren vi nokon gang får
Kvar einaste onsdag og måndag ser me fram til
dei timane ville me ikkje ha skulka om me so måtte ha sykla ei mil
No er dei dagane forbi og over,
men me skal aldri gløyme deg- me lover!

Stilen din er jo kjempebra
no alle lys dongeribukse vil ha
Ditt smil varmar som ein ovn
hadde det ikkje vore for Henrik ville DU ha vore klassen klovn
Du kan ikkje sjå for deg den gleda vi kjenner
når emne om politikk, arbeid og kultur ut ifrå munnhola di renner
Ingen klasse står så fint og helsar som vi gjer
for du har lært oss at me ikkje sit ned før nokon oss ber

Diskusjonen om vindaugskarmen hugsar me alle,
då trur eg Bjarte vurderte å rope etter Kalle
Men han fann ut at for Birger var vindaugskarmen heilag
og Bjarte gav opp diskusjonen for ikkje å bære noko nag
På kvamsseter viste du nye sider
me visste ikkje heilt kva me skulle tru til tider
Kalle for åt og såg ut som ein vitskapsmann
og du din nye stil me heilt sikkert kan seie du fann

At du er lidenskapeleg brann- fan har me forstått
det trur eg alle synest er heilt rått
Og i løpet av denne tida har du fått ein son atter ein gong
me hyllar han til tonar av mykje nydeleg song
Anført av Ristesund ropar me ”hipp hurra” i kor
Olav blir nok den største brann- fan på vår jord
Med tanke på den oppvoksande generasjon er vi sikker
at både han og vi vil finne så utrulig mykje nyttig i dine velfomulerte replikker

Vi ser tilbake på tida med deg,
vi har delt ein vandring langs ein magisk veg
Du får alt til å verke så hinsides kjekt
vi sluker det du formidlar som russisk konfekt
Som lærar er du uerstatteleg
korleis ska sumaren gå? Me saknar dei allereie ufatteleg
Men ein ting er vi alle samde om at du klarte,
nemlig å leggje att noko av Birger i kvart einaste hjarte...

2 comments:

HanneK said...

genialt dikt då :D
Skulle ønske eg og hadde sånne dikttalenter som enkelte i klassen har :(

Kamelon said...

Ja, eg og! We like poems:D