Først litt mimring:
Sidan det byrjar å nerme seg slutten på dette skuleåret vil eg her i kveld stogga ved den mest suksessfylde ansettelsen ved danielsen vgs. skule sidan Ystebø, nemleg Kalle:
Eg hugsa klårt første skuledag som om det var for eit år sidan! Der sat me i eit klasserom, spente og anspente, so kom Kalle og Birger inn. Dei ville me skulle oppsumera det beste frå sumaren. Kalle sitt beste minne var då han låg og såg på skyformasjonane midt i eit vatn( i ein båt). Der har du Kalle i eit nøtteskal, ein roleg avbalansert type. Trudde me!
So reiste me på miljøtur til gamle erverdige Kvamseter. Første dagen gjekk alle på tur over ei vidde, og sjølvom det var nokså openbart at me var gådd oss fulstendig vekk behald Kalle roen og berre peika i retning heim... og heim kom me, etter at Henrik hadde klart å setja begge skorne sine fast i ei myr. Andre dagen gjekk Kalle og ei utvald gruppe opp heile Eikedalen. Resten gjekk tilbake fordi dei ikkje hadde sko, eller skulle koka graut.
" Ver tilbake til to" ropa Birger ette oss då me gjekk.
So var det berre så at me kom til ei seter, og visse medlemar av gruppa var ganske opphengd i kyr og sauer. Solidarisk so me var, venta me på elementet i gruppa skulel leike ferdig, og det bar ned frå fjellet, sjølvsagt utan begrep om kva ein sti var! Me berre gjekk i den retning Kalle leia oss til. Då klokka var kvart på to og me var 300-200 meter opep i fjellet ropa Helge:
" Løp Kalle, løp!"
Då regelrett knuste bildet av Kalle som den sindige og rolege mannen me tok han for. Kalle sette nemleg utfor dei stupbratte fjellsidene so kvist og gras flaug øve stokk og stein. Da va ikkje måte på kor han sette farten opp, og verre vart da når Helge freista og ta han att! Me kom sjølvsagt tidsnok ner til grauten som Nils og gjengen hadde svidd i botn av gryta... (Me tok nesten livet av oss sjølve då me(eg) helte salmiakk opp i gryta for å få fart på oppvasken, og om det i ettertid har gått liv tapt på Kvamseter so veit me jo då kva det skuldast!)
Kalle er ikkje av typen so skrik og ber seg om nokon snakkar for høgt i klassen, nei han kremtar heller forsiktig og ber høffleg vedkomande om å dempa seg. Kalle har ein fantastisk humor, som krev sin mann og kvinne med intellekt og kløkt...
Hyllest til Kalle!
All ære til denne fantastiske læraren vår,
(som eg skal ha i biologi til neste år.)
Kalle som me kallar han,
er ein ekte sykkelmann.
Kvar dag vinter so vår,
syklar han til vår skulegård(!?)
Når Kalle er igong med forsøk i timen,
gløymer han titt att klokka er kimen.
Får når mjølk og eddikk skal blandast ilag,
og så settjast vekk til ein annan dag.
For ikkje å gløyme små dyr frå biotopet,
som alle kan beskuast i mikroskopet.
Ja, då sit også me heilt stille og ser,
kva som no med dyra og blandinga skjer!
Eg tykkejr me var utruleg heldig,
og Gud var nok med oss veldig,
då nett mè fekk Kalle til styrar for oss.
Kalle fortjener både skryt og ros,
for å halda ut med 1D i dei uoppmerksame stunder,
men me har no klart oss, også i år livna det i lunder!
Takk for laget gode Kalle,
og no snakkar eg nok for alle:
Me kjem til å ha dette året i minne,
og aldri gløyme nokon sinne,
kor gildt og kjekt da va,
å deg som lærar ha!
Med venleg helsing bonderomantiske strilar med rytme for rim og sans i 1D!
PS: Det vart ikkje plass til Birger i denne hyllelsten så den oppgåva går videre til Sindre; du får skrive om han. Lykke til!